Her e litt fortsettelse på førre innlegg, inspirert av sjukemeldt debatten…
Detta e til DEG
som har fått ufrivillig pause frå arbeidslivet pga kva det no enn er, og dermed tilhøyrer utbetalingsbunken hos NAV;
GRATULERA!
Du er med dette tilsett for perioden ”den tida som trengs” i prosjektet ”FIKS og LEV– skritt for skritt BETRE og BETRE”
Prosjektpengar vert utbetalt til kontoen din frå NAV så lenge det er naudsynt, og det er mogeleg å be om tillegg for spesielle oppussingstiltak.
Din innsats og dine VAL vil setja store spor både hos deg og hos andre menneske på jordkloden, både i form av glede, kjærleik, inspirasjon, håp og vekst. Ditt bidrag vil vera svært verdifullt i forhold til eit friskare, betre og meir fredleg samfunn.
Du har alt du treng i deg for å få til dette unike prosjektet. Du har alle dei kvalitetane me ser etter og meir enn det. Du er UNIK og svært verdifull for oss, så det er viktig at du startar Her og No.
Me er spent på kven du eigentleg er og ser fram til å verta betre kjent med deg, dine draumar og MÅL,! Store flotte inspirerande ærlege MÅL. Feir kvar einaste seier, både store og små. Og hugs også at ”nesten seier” fortene feiring, for desse er og eit stort skritt vidare på vegen. NYT prosessen Her og NO. Me Gler oss stort til å fylgja prosjektet og læra av den unike innsikta di, dine oppdagingar, tiltak, vekst og resultat som kjem på vegen.
Tusen Takk for at du er villig til å ta tak i og fullføra dette fantastiske prosjektet – som er ditt LIV.
Og husk, me er alltid her for å gje råd, hjelp og støtte til DEG, særleg i tunge stunder og bratte motbakkar.
Det aller viktigaste er at du til ei kvar tid har det så bra som du kan ha det akkurat no, klarar å ha fokus på det positive og at kroppen er full av positive kjensler og tankar. Då VIL du mykje raskare få utført dette prosjektet, slik at du kan ta fatt på nye viktige oppdrag.
Lykke, Lykke til!
Med venleg helsing
Den norske stat
.. med alle som finns her og treng deg..
DU GJER EIN FORSKJELL
Hvis du en gang for alle kunne slutte å tenke på kroppen,
og i stedet bare TENKE HYGGELIGE TANKER,
ville kroppen finne tilbake til sin naturlige, gode helsetilstand.
Abraham (Esther og Jerry Hicks)
;o)
FEEL GOOD
Ha ei kreativ, oppbyggjande og hærle veka ;o)