onsdag 30. januar 2008

you make my day AWARD ;o)




Eg har fått ein kjempekjekk oppmuntring frå
Blåbærtua  og Tinaroom.  Tusen tusen takk ;o)

Awarden kjem sjølvsagt tilbake til begge - to vidunderlege kreative inspirerande hærlege vesen som fortener det aller aller beste i denne verden.

 I tillegg gjer eg den til dei som har havna på inspirasjonslista mi så langt ;
- litt færre enn 10 endå men veldig veldig flotte  -

Liv Toril, Strikkelise, Strikkepia, Timotei og Vibbedille

Supre bloggarar til stor inspirasjon og glede ;o)


Enjoy!


Nystrøkne brikker...




Ferdig med 3 brikker til.
Desse var gitt vekk allerede før dei var påbegynt.
Bursdagsbarnet fekk den fyste på dagen sin,
så no gjenstår det berre å levera desse. 
Kanskje eg får koma på middag og sjå korleis dei
tek seg ut på kvar sin dekketallerken ;o)

Brukte altså Gjestal Heklegarn og Pinna nr 2,5   ;o)



tirsdag 29. januar 2008

Nye sko.....

Fort gjort å strikka nokre tøffla!
Ein fot va ferdig i går. Den andre fullført tidleg i dag!
Har veldig sansen for sånne kjappe prosjekt ;o)


Ittepå tok eg meg ein liten bytur.
Snopte litt......


mandag 28. januar 2008

Jakka til ei lita jenta ;o)



I dag kom knappane på. Montering er litt tiltak,
eg må liksom ha rette "dagen" for å setja i gong med det. 
I helga fekk eg både kantar og armar på plass, 
så no er eg riktig så nøgd med meg sjølv. 
No gjenstår innpakking og eit besøk til den nye verdensborgaren ;o)

Er allerede godt i gang med ei til av same sorten.
Armane har ein del tråar som skal festast kan du sei ;o)





mandag 21. januar 2008

The Secret - Loven om Tiltrekking

 Det du sender ut, får du tilbake!

Oppdagelsen av filmen the Secret har vore til stor hjelp i mitt liv.
Den viser kor viktig det er å ha Fokus på Det Du Vil Ha.
Eg tek den stadig fram når eg treng litt påfyll og motivasjon.
Kvar dag brukar eg tankane bevisst for å få det betre og for å verta ein betre meg.
Til tider svært utfordrande, men og spanande!
No har eg fått boka, som er på norsk. Supert ;o)

         

frå boka:

Livets store hemmelighet er loven om tiltrekking.

Loven om tiltrekking sier at likt tiltrekker likt, så når du tenker en tanke, tiltrekker du deg samtidig like tanker.

Tanker er magnetiske, og tanker har en frekvens. Når du tenker tanker, blir de sendt ut i universet, og som en magnet tiltrekker de seg alle ting som finnes på samme frekvens. Alt som blir sendt ut, kommer tilbake til kilden - deg.

Du er som et menneskelig sendetårn som sender ut en frekvens med tankene dine. Hvis du ønsker å forandre noe i livet ditt, må du endre frekvens ved å forandre tankene dine.

Dine nåværende tanker skaper ditt fremtidige liv. Det du tenker mest på eller konsentrerer deg mest om, vil manifistere seg i form av livet ditt.

The Secret; Hemmeligheten  -  Rhonda Byrne

www.thesecret.tv

lørdag 19. januar 2008

Tusen takk

for kreative gåver til bursdagen sist veke:



   

eg er spent på resultata...

tirsdag 15. januar 2008

Kunststrikk brikker ;o)




Her hos meg e da visst litt mange prosjekt som pågår om dagen!
Kunststrikk brikker e ein av dei. 
Testa ut fleire typar garn og konkluderte med at Gjesdal Heklegarn var 
vinnaren i mitt dekketallerk-brikke opplegg. 
Litt stødigare og tjukkare enn Maxi garnet.
Likar dette mønsteret kjempe godt og fann ut at da ga dann
rette størrelsen.  
PS! Vinnaren ser du til venstre på bilde ;o)




onsdag 9. januar 2008

Skjerf i full fart ;o)




 Innimellom kakebaking og bursdagsfeiring har Funny lageret minka og endra form!
Skjerf i ymse varianta og lengde på pnr 5 - mellom 24 og 28 masker. Er særleg nøgd med at det kun er ein tråd å festa til slutt - dei andre strikkar eg fast etter kvart.


     

    Dokkeskjerf kan koma godt med det og  ;o)

   


lørdag 5. januar 2008

Godt Nytt Labbeår ;o)


Her er nokre labbar strikka på tampen av fjoråret
- fann passande babybein dei kunne varma, i romjula!
Har brukt fleirfarga Sisu garn ;o)

Ynskje alle
   eit Vidunderle Kreativt og HÆRLE Godt Nytt År!