mandag 24. desember 2007

Goooo Jul....




God Jul - Merry Christmas - Feliz Navidad

søndag 23. desember 2007

Kunststrikk til jul...


Har tidlegare kosa meg med kunststrikk!
Fekk ikkje laga nokon nye juledukar i år, men det er på tide å ta fram desse iallefall...




BetreogBetre; Nyyyyt....

                   NYT  HER  OG  NO   ;O)

Kjenn etter at du har det bra
         - finn event på noko som gjer at du har det bra og Nyt Dagen!


  
 Se deg ikke bakover i sinne eller fremover i frykt;
                                Se deg omkring i forundring.

                                                                              - James Thurber

onsdag 19. desember 2007

Baby labbar....


Julekort skrivinga nærmar seg fullført - puh ;o)

Eit raudt Lanett labbepar er også sendt i posten. 
Denne typen vert det mange av i løpet av eit år. Ulike fargar og garntypar! Strikkar lange bråt, noko som foreldra set pris på.... ikkje så lett å sparka dei av. Elles er Lanett mykje brukt hos meg - mange fine fargar og "kjekk på pinnane"...





mandag 17. desember 2007

Tenk så herlig...


Tenk så herlig, å kunne leve
                  ut fra en tro om seg selv 
                                      at man er
helt fantastisk.


lørdag 15. desember 2007

Calorimetry ;o)



Desse pannebånda va både kjekke og raske å strikka!
Eg har brukt Opal og Tynn Alpakka - 120 masker på pinne nr 3.



torsdag 13. desember 2007

Ei jakka til...



Jakka er strikka i Lanett og har nyleg fått knappar på ;o)

BetreogBetre 2; Erkjenn


ERKJENN...
            at for å få det betre, må du gjera noko med deg sjølv!
           Du må vera villig til å endra deg;   Tankar - ord - handlingar ...
                                                                          ... og Fokus!

Du fortener å ha det Super BRA!

Då utmattelsen min var på sitt verste og eg stort sett måtte halda meg i ro på sofaen; skjøna eg at eg måtte ta tak sjølv for fortare å verta betre. Eg måtte erkjenna at eg kunne gjera noko sjølv! Dermed gjekk eg veldig inn for å bruka tankekrafta fullt ut. Eg innsåg at eg hadde altfor stor fokus på korleis tilstanden var og ikkje korleis eg ville ha den. Dermed greidde eg å skifta fokus til "ka vil eg ha" -  eg lata som eg var frisk og såg for meg alt det eg hadde lyst til å gjera.  Dette saman med flittig bruk av Silva UltraMind teknikkane gjorde meg betre og betre.


Alle vil forandre menneskeheten,
                          men ingen vil forandre seg selv.

                                  - Leo Tolstoj


onsdag 12. desember 2007

Ei lita Jakka ;o)


Her e ei jakka so lenge ha venta på hempe og knappa, og tenk i går så fekk den begge dele!
Så då va da berre å finna ut kem so ska få den...

tirsdag 11. desember 2007

Babysokkar




I helga har eg fått strikka litt!  To nye prinsesser skal få desse ;o)



onsdag 5. desember 2007

Adventskrans




Når denne kjem på døra er det tid for adventskos!

Sydde den for nokre år sidan ;o)

tirsdag 4. desember 2007

Skjerf til pynt....




Dette er strikka i Silke-Tweed frå Garnstudio 
og skal etter planen snart verta innpakka bursdagsgåve!





mandag 3. desember 2007

BetreogBetre 1 - Silva UltraMind ESP System



Har hatt ei hærle helg på kurs! Oppdaga "tilfeldigvis" dette for nokre år sidan - og tusen tusen takk for det. 

Teknikkane brukar eg dagleg for å få det betre og betre! For meg vart det ein heilt ny måte å fungera på. Det har og lært meg å vera bevisst kva eg held på med, korleis eg påvirkar meg sjølv og andre og at eg kan skapa det eg vil ha.  Fantastisk bra.  

Sjå event linken på sida!


                                  Du skal behandla andre
                                         slik du vil at andre skal behandla deg ;o)

 

lørdag 1. desember 2007

Lykken...


Lykken er å se det store i det små!

Ha ei vidunderle adventstid ;o)

fredag 30. november 2007

Snart advent...



Her manglar det visst ein del tal - hm !!
Vert nok ingen pakkar på denne med det aller fyste.

Uansett moro og kos å sy litt!
Kanskje det kan koma eit nytt tal på kvar dag... 

torsdag 29. november 2007

Bosniatøfflar ;o)



Snart juuul
- desse e klare t å varma nokre utvalde kalde føter....

Artig å strikka og svært populære i mine kretsar.
Eg har brukt Trysil garn, Artic ullgarn - pinne nr 5

Velkommen ;o)

Så var eg og igang som bloggar! Mine to kjære bloggvenninner Blåbærtua og Tinaroom har inspirert og motivert. Her hos meg vil det dukka opp ymse kreativt - mest strikka ;o)

Men det aller aller beste vil vera om eg kan inspirera litt slik at nokon får det betre  ;o)

- Det eg sender ut får eg tilbake!
- Fokus på det eg vil ha - Superviktig!

Enjoy ;o)