mandag 8. februar 2010

..sjukemeldt...

Her e litt fortsettelse på førre innlegg, inspirert av sjukemeldt debatten…

Detta e til DEG 
som har fått ufrivillig pause frå arbeidslivet pga kva det no enn er, og dermed tilhøyrer utbetalingsbunken hos NAV;
 
GRATULERA!
Du er med dette tilsett for perioden ”den tida som trengs” i prosjektet ”FIKS og LEV– skritt for skritt BETRE og BETRE”
Prosjektpengar vert utbetalt til kontoen din frå NAV så lenge det er naudsynt, og det er mogeleg å be om tillegg for spesielle oppussingstiltak.
Din innsats og dine VAL vil setja store spor både hos deg og hos andre menneske på jordkloden, både i form av glede, kjærleik, inspirasjon, håp og vekst. Ditt bidrag vil vera svært verdifullt i forhold til eit friskare, betre og meir fredleg samfunn.
Du har alt du treng i deg for å få til dette unike prosjektet. Du har alle dei kvalitetane me ser etter og meir enn det. Du er UNIK og svært verdifull for oss, så det er viktig at du startar Her og No. 
Me er spent på kven du eigentleg er og ser fram til å verta betre kjent med deg, dine draumar og MÅL,! Store flotte inspirerande ærlege MÅL. Feir kvar einaste seier, både store og små. Og hugs også at ”nesten seier” fortene feiring, for desse er og eit stort skritt vidare på vegen. NYT prosessen Her og NO. Me Gler oss stort til å fylgja prosjektet og læra av den unike innsikta di, dine oppdagingar, tiltak, vekst og resultat som kjem på vegen.
Tusen Takk for at du er villig til å ta tak i og fullføra dette fantastiske prosjektet – som er ditt LIV.
Og husk, me er alltid her for å gje råd, hjelp og støtte til DEG, særleg i tunge stunder og bratte motbakkar. 
Det aller viktigaste er at du til ei kvar tid har det så bra som du kan ha det akkurat no, klarar å ha fokus på det positive og at kroppen er full av positive kjensler og tankar. Då VIL du mykje raskare få utført dette prosjektet, slik at du kan ta fatt på nye viktige oppdrag.  
Lykke, Lykke til!
Med venleg helsing
Den norske stat
.. med alle som finns her og treng deg..
DU GJER EIN FORSKJELL


Hvis du en gang for alle kunne slutte å tenke på kroppen, 
og i stedet bare TENKE HYGGELIGE TANKER, 
ville kroppen finne tilbake til sin naturlige, gode helsetilstand.
Abraham (Esther og Jerry Hicks)
;o)
FEEL GOOD  
Ha ei kreativ, oppbyggjande og hærle veka ;o)

4 kommentarer:

Monicas sa...

heisan...å takk for koselig besøk...alltid så koselig å få besøk av dæ...hærle som du si....

Jorunns hverdag og meddelelser sa...

Takk for koselig hilsning til meg på min blogg!
Ha en stålende uke!:)
klem fra Jorunn

Tofo sa...

Ja tenk om man kunne få en sånn hilsen...
Likte de kloke ordene på slutten, håper det er greit at jeg "lånte de" til min facebook status i dag...

Ha en fin dag!!!
Klem.

Marie sa...

Eg trur denne debatten som går i media først og fremst rammar dei som verkeleg treng å vere sjukemeldt. Det å føle seg som ein snyltar på staten fremjar iallefall ikkje framgang. Ein føler skyld og skam noko som blir SÅ feil. Det er så mange grunnar til at folk ikkje fungerer i arbeidslivet og stein til børa hjelper iallefall ingen.

Tenk å fått eit brev som dette idet du blei "sett til side", det hadde vore til stor støtte i tunge stunder når me grublar på korleis framtida vår skal arte seg.

Eg har sjølv blitt møtt med stor uforstand hos det som då var trygdekontoret. Eg hadde i lang tid slite med muskelsmerter, mest i armar og nakke. Som bønder og mjølkeprodusentar var det ikkje lett å få vikar i ein handvending så eg holdt ut til eg berre ikkje orka meir. Då eg kom med sjukemelding til trygdekontoret fekk eg denne; "det viser seg det at om ein berre ikkje gir seg øve og sette seg med hendene i fånget så går sånne smerter ofte over av seg sjøl". Hadde eg sete med hendene i fanget? Nope!
Eg begynte å grine då eg gjekk ut... At det går an... Eg var sjukemeldt i eit par månader og eg sendte mannen min med sjukemeldingen etter det. Då eg etter 8 veker blei undersøkt av ein trygdelege fekk eg diagnosen fibromyalgi, halv sjukemelding ut månaden og dett var dett. Eg var "arbeidsfør", men låg helst på sofaen mellom mjølketider og fysioterapitimar i lang tid. Eg var så ekstremt sliten at eg orka "ingenting" lenge. Heldigvis har eg det mykje betre i dag sjølv om "har det i kroppen" og må kjenne etter mine eigne grenser. Derfor jobbar eg heller ikkje fullt.

Takk for dette fine bidraget, det treng me :)
Ha ein finfin dag :)