fredag 5. februar 2010

..friskmeldt eller...

I det siste har det vore mykje sjukemeldt-debatt i media. I dag måtte eg rett og slett setja meg ned og fundera litt på papiret. Denne debatten gjer noko med meg som høyrer til i NAV-bunken. Eg veit og den gjer noko med mange andre. Ikkje like positivt alltid, diverre ofte motsatt effekt. Mange meiningar, mange interessante utspel som eg vel å kalla det. (Eg er ein, av mange, som jobba og pressa meg, og ikkje lytta til kroppen. Det gjekk sjølvsagt som det måtte gå og kroppen nekta – lett å sjå i ettertid...)
 
Kroppen vår er som et hus. I kroppen min bur eg. I kroppen din bur du. Eller om du vil Sjela mi, Sjela di. 
Kroppen treng vedlikehald, fornying, opprydning, utvasking for å fungera som ein kropp, slik at sjela kan få kosa seg og stråla der, akkurat som eit hus treng det for å fungera som eit hus som nokon kan bu i. Er ein ikkje obs og
tek ting etter kvart, kan det fort hopa seg opp og verta eit heller stort og krevjande prosjekt. Andre tider kan katastrofen setja inn. Behovet for oppretting og oppussing er like stort på huset etter ein rasande haust storm, som for kroppen etter ei eller anna form for ulykke. 
Alle veit at det er lurt å vaska og rydda i eit hus. Det vert fort fullt om alt skal tas vare på. Det er mykje kjekkare å finna dei tinga ein er glad i enn at ein heile vegen snublar i gammalt skrot som vekkjer dårlege minner.
Slik er det i kroppen og. Her ligg det lagra kassar med gamle minner, sanningar og erfaringar. Det er like nødvendig å finne ut kva som er verdt å ta vare på og kvitta seg med resten her som i huset. Og kva er mitt, kva er andre sitt. Kanskje finn du mykje som er så fint at det er flott å dela det med nokon andre. Det er uansett lurt å sortera litt i huset, og det er lurt å sortera i kroppen og finna ut kva som er kva. Kroppen treng også reingjering slik at energien får flyta fritt i sine kanalar og alle organ får tilført den næringa dei treng.

Det viktigaste av alt når både hus og kropp kollapsar litt, er å stilla spørsmålet; 
KVA kan eg gjera NO for best mogeleg fiksa på det som kan fiksast? Korleis verta FRISK att?
Stort ubehag og bekymringar er ikkje oppbyggjande. Heller ikkje dårleg samvit eller å pressa seg til å gjera noko ein veit ein ikkje tåler, berre fordi andre meiner dei veit betre. Det som hjelper er å stoppa litt opp og verkeleg kjenna etter kva kroppen faktisk seier – og det er det berre den som bur i kroppen som verkeleg ærleg kan – så er det å setja i gang med dei tiltaka som trengs. Og då er det viktig både med god hjelp, støtte og inspirasjon for å halda motet og innsatsen oppe. 

Så til alle som har fått ufrivillig pause frå arbeidslivet pga kva det no enn er, og dermed tilhøyrer utbetalingsbunken hos NAV;   I neste innlegg kjem eit brev til deg…


Ha ein nydle fin fredagskveld og helg ;o)

4 kommentarer:

Monicas sa...

veldig bra innlegg...ha en fin fin fredag

kate sa...

Veldig kloke og tankevekkende ord fra deg,,
stooor helgeklem fra Kate:)

Anita sa...

Ja, du vet sannelig å få sagt det!!! =) Eg venter på neste innlegg! =)))))
Ønsker deg en lys og go´helg!
Varm klem ;)

Timotei sa...

Hei!
Jeg liker tanken din om at kroppen vår er som et hus som må tas vare på. Og tenk så flott at kroppen vår faktisk sier fra og setter på bremsene når vi turer fram og driver rovdrift på oss selv! Bare så synd at vi er så trege med å ta signalene...Der har vi nok mye å lære...
Gleder meg til neste innlegg fra deg!
Ha en superfin helg!
Klem fra Rannveig