onsdag 17. februar 2010

SAMMEN til verdens ende

Det er en grunn til at dette skjedde oss, vi er sterke nok til å takle det og bruke det til noe positivt.

Ei faaaantastisk bok. Eg seie berre; LØP – KJØP – LES…. og la deg INSPIRERA t å halda positiv fokus og gjera ein forskell… Bokjå kom ”sprettande rett ned i fanget” med klar beskje; LES MEG NO! Så då gjorde eg jo sjølsagt da. Og eg forsto fort koffø eg sku lesa den akkurat då eg les den. Den ga meg mange påminninga, bekreftelsa og masse påfyll. 

Tone fekk kreft og starta bokprosjektet. Då ho måtte takka fø seg, valde Espen å fullføra boka; ei veldi ærle og sterk historie – så utrule full av håp, optimisme, positiv fokus og kjærleik – og inspirasjon. Og full av gullkorn. Eg ha funne ein skatt og e veldi GLA fø at denna bokjå finns ;o)

LEV - HER OG NO!

Tone;  Elsk som om hver dag skulle være den siste, for man vet nemlig aldri.                Og hvis man tenker seg om, bør man vel glede seg til hver neste dag man får.

 Espen; Jeg ville fylle hodet hennes med vakre tanker.
Jeg har lett inni meg selv. Det var vel til slutt der jeg fant svaret. Det svaret som er riktig for meg.
Hva noen sier til deg, betyr ingenting, det eneste som betyr noe, er hva du tenker etter at de har sagt det.

An angel in the book of life, wrote down your date of birth…
and whispered, as she closed the book;
Too beautiful for earth


PS!   

fredag 12. februar 2010

Imagination...

Imagination is more important than knowledge.

Albert Einstein

Ha ei nydle helg ;o)

mandag 8. februar 2010

..sjukemeldt...

Her e litt fortsettelse på førre innlegg, inspirert av sjukemeldt debatten…

Detta e til DEG 
som har fått ufrivillig pause frå arbeidslivet pga kva det no enn er, og dermed tilhøyrer utbetalingsbunken hos NAV;
 
GRATULERA!
Du er med dette tilsett for perioden ”den tida som trengs” i prosjektet ”FIKS og LEV– skritt for skritt BETRE og BETRE”
Prosjektpengar vert utbetalt til kontoen din frå NAV så lenge det er naudsynt, og det er mogeleg å be om tillegg for spesielle oppussingstiltak.
Din innsats og dine VAL vil setja store spor både hos deg og hos andre menneske på jordkloden, både i form av glede, kjærleik, inspirasjon, håp og vekst. Ditt bidrag vil vera svært verdifullt i forhold til eit friskare, betre og meir fredleg samfunn.
Du har alt du treng i deg for å få til dette unike prosjektet. Du har alle dei kvalitetane me ser etter og meir enn det. Du er UNIK og svært verdifull for oss, så det er viktig at du startar Her og No. 
Me er spent på kven du eigentleg er og ser fram til å verta betre kjent med deg, dine draumar og MÅL,! Store flotte inspirerande ærlege MÅL. Feir kvar einaste seier, både store og små. Og hugs også at ”nesten seier” fortene feiring, for desse er og eit stort skritt vidare på vegen. NYT prosessen Her og NO. Me Gler oss stort til å fylgja prosjektet og læra av den unike innsikta di, dine oppdagingar, tiltak, vekst og resultat som kjem på vegen.
Tusen Takk for at du er villig til å ta tak i og fullføra dette fantastiske prosjektet – som er ditt LIV.
Og husk, me er alltid her for å gje råd, hjelp og støtte til DEG, særleg i tunge stunder og bratte motbakkar. 
Det aller viktigaste er at du til ei kvar tid har det så bra som du kan ha det akkurat no, klarar å ha fokus på det positive og at kroppen er full av positive kjensler og tankar. Då VIL du mykje raskare få utført dette prosjektet, slik at du kan ta fatt på nye viktige oppdrag.  
Lykke, Lykke til!
Med venleg helsing
Den norske stat
.. med alle som finns her og treng deg..
DU GJER EIN FORSKJELL


Hvis du en gang for alle kunne slutte å tenke på kroppen, 
og i stedet bare TENKE HYGGELIGE TANKER, 
ville kroppen finne tilbake til sin naturlige, gode helsetilstand.
Abraham (Esther og Jerry Hicks)
;o)
FEEL GOOD  
Ha ei kreativ, oppbyggjande og hærle veka ;o)

fredag 5. februar 2010

..friskmeldt eller...

I det siste har det vore mykje sjukemeldt-debatt i media. I dag måtte eg rett og slett setja meg ned og fundera litt på papiret. Denne debatten gjer noko med meg som høyrer til i NAV-bunken. Eg veit og den gjer noko med mange andre. Ikkje like positivt alltid, diverre ofte motsatt effekt. Mange meiningar, mange interessante utspel som eg vel å kalla det. (Eg er ein, av mange, som jobba og pressa meg, og ikkje lytta til kroppen. Det gjekk sjølvsagt som det måtte gå og kroppen nekta – lett å sjå i ettertid...)
 
Kroppen vår er som et hus. I kroppen min bur eg. I kroppen din bur du. Eller om du vil Sjela mi, Sjela di. 
Kroppen treng vedlikehald, fornying, opprydning, utvasking for å fungera som ein kropp, slik at sjela kan få kosa seg og stråla der, akkurat som eit hus treng det for å fungera som eit hus som nokon kan bu i. Er ein ikkje obs og
tek ting etter kvart, kan det fort hopa seg opp og verta eit heller stort og krevjande prosjekt. Andre tider kan katastrofen setja inn. Behovet for oppretting og oppussing er like stort på huset etter ein rasande haust storm, som for kroppen etter ei eller anna form for ulykke. 
Alle veit at det er lurt å vaska og rydda i eit hus. Det vert fort fullt om alt skal tas vare på. Det er mykje kjekkare å finna dei tinga ein er glad i enn at ein heile vegen snublar i gammalt skrot som vekkjer dårlege minner.
Slik er det i kroppen og. Her ligg det lagra kassar med gamle minner, sanningar og erfaringar. Det er like nødvendig å finne ut kva som er verdt å ta vare på og kvitta seg med resten her som i huset. Og kva er mitt, kva er andre sitt. Kanskje finn du mykje som er så fint at det er flott å dela det med nokon andre. Det er uansett lurt å sortera litt i huset, og det er lurt å sortera i kroppen og finna ut kva som er kva. Kroppen treng også reingjering slik at energien får flyta fritt i sine kanalar og alle organ får tilført den næringa dei treng.

Det viktigaste av alt når både hus og kropp kollapsar litt, er å stilla spørsmålet; 
KVA kan eg gjera NO for best mogeleg fiksa på det som kan fiksast? Korleis verta FRISK att?
Stort ubehag og bekymringar er ikkje oppbyggjande. Heller ikkje dårleg samvit eller å pressa seg til å gjera noko ein veit ein ikkje tåler, berre fordi andre meiner dei veit betre. Det som hjelper er å stoppa litt opp og verkeleg kjenna etter kva kroppen faktisk seier – og det er det berre den som bur i kroppen som verkeleg ærleg kan – så er det å setja i gang med dei tiltaka som trengs. Og då er det viktig både med god hjelp, støtte og inspirasjon for å halda motet og innsatsen oppe. 

Så til alle som har fått ufrivillig pause frå arbeidslivet pga kva det no enn er, og dermed tilhøyrer utbetalingsbunken hos NAV;   I neste innlegg kjem eit brev til deg…


Ha ein nydle fin fredagskveld og helg ;o)

mandag 1. februar 2010

..fantastisk..

Tenk så fantastisk det er 
at ingen behøver å vente et eneste øyeblikk 
på å sette i gang med å forbedre verden.

Anne Frank
;o)
;o)
Ha ei nyyydle skapande veka ;o)